Gardsbruk

En krysning av hav, olje og kruttslam!

Bandet Gardsbruk ligg i landskapet mellom country og rock. Dei skriv sine eigne låtar og formidlar desse med innleving gjennom Knut Pedersen si kraftfulle røyst og fengande gitarbasert festmusikk. Karane er flinke til å skapa feststemning og tek deg med inn i livet til strilane i kvardag og fest.

Plata «Møtting» vart slept mot slutten av 2016 og konsertane i 2017 var prega av denne plata. Favorittar på Spotify har vore «Bygdabrygjing», «Snutebil med tipp» og «Syden», låtar som har vore strøyma flittig av festhungrige nordmenn.

No er nye låtar på plass og innspeling av eit nytt album er i gong. Årets konsertar vil både ha kjende låtar frå den gamle plata og potensielt nye favorittar frå albumet som kjem på seinsommaren 2018. Nye låtar kjem på Spotify etter kvart som dei er ferdig produserte, men kan allereie no høyrast på konsertane våre. Musikken spenner frå country til meir eller mindre rein rock. Her lukter det altså både hest, svette og kruttrøyk på ein gong! Gjer deg klar til ein heidundrande fest!

Bandet består av Knut Joachim Pedersen (vokal, gitar), Kåre Glesnes (gitarer, mandolin, lap-steel, banjo), Tor-Erik Rong (gitar), Jørn Austbø (bass), Morten Bergstrøm (trommer) og Kjetil Lynglund (munnspill, tangenter).